Hopp til innhold

Arrestert i Danmark med tjuvegods frå Fana

To personar vart stogga på Kastrup med smykke stole frå bustader i Bergen. No er dei varetektsfengsla i fire veker.

Tinghuset
Foto: Alrik Velsvik / NRK

Dei to austeuropearar vart stogga på flyplassen i København i august: Med seg hadde dei store mengder tjuvegods.

– Det var mange gjenstandar, som smykke og klokker. Dette skal stamma frå innbrot i Fana i sommar, seier politiadvokat Elisabeth Ryen.

Arrestasjonen skjedde 20. august og for få dagar sidan kom dei til Bergen. Dei to mennene vart i dag varetektsfengsla i fire veker, skriv Fanaposten.

Stort beslag

Politiadvokat Elisabeth Ryen seier dei ikkje kan utelukka at dei to mennene står bak fleire innbrot. Politiet har enno mykje att av etterforskinga.

– Det er eit stort beslag som vi må gå igjennom. Vi må sjå om desse tjuveria kan føra tilbake til andre innbrotsstadar og vidare etterforska om det kan vera andre personar som er involvert i tjuveriet. I tillegg vil vi søkja og avdekka bevegelsane til dei fengsla, seier Ryen.

– Mistenkjer dykk at dei kan vera knytt opp til fleire tjuveri i Fana den siste tida?

– Vi mistenkjer nok at dei kan vera involverte i andre grove tjuveri, om det er plassert i Fana eller andre stadar det veit vi ikkje enno, seier politiadvokaten.