Hopp til innhold

ARRESTERT ETTER VALD:

To personar er arrestert etter ein alvorleg valdsepisode på Minde i Bergen i natt. Det melder TV2. Ein mann og ei kvinne vart slått til blods og skalla ned i Fridalen. Kvinna skal også ha blitt tatt kvelartak på. Dei to personane som er arrestert for ugjerninga er ein mann og ei kvinne i 30-åra. Dei vil no bli avhøyrt av politiet i Bergen.