Hopp til innhold

Mann treft av vaier på Kværner Stord

Politi og ambulanse rykka ut til ei arbeidsulukke ved verftet på Stord.

ulukke aker kværner

Meldinga kom inn til naudetatane klokka 14.42.

– Det er ein person involvert i ulukka. Mannen skal ha fått ein vaier over seg og er medvitslaus, fortalde operasjonsleiar Tore Frøyland Jensen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til NRK klokka 14.45.

Ikkje alvorleg

Klokka 15.10 melder politiet at mannen blir tatt med i ambulanse til ein sjekk hjå lege. Mannen skal ikkje vera alvorleg skadd, men politiet vil følgje opp saka.

Informasjonssjef Odd Naustdal i Kværner Stord seier til avisa Sunnhordland at situasjonen ikkje var så dramatisk som den først kunne høyrast ut som.

- Men me er alltid raskt ut med å tilkalla ambulanse for å vere på den sikre sida. Det var ein medarbeidar som fekk beina dratt under seg av ein vaier.