Hopp til innhold

Arbeidsulukke i Nordfjord

Politiet melder om ei arbeidsulukke i Deknepollen i Nordfjord. Mannen er send til sjukehus med luftambulansen. Ulukka skal ha skjedd i samband med sjøsetting av ein båt. Politiet seier mannen skal ha falle frå tre meters høgd og landa på betong. Politiet veit ikkje kor alvorleg skadd mannen er.