Hopp til innhold

Anken til drapssikta 36-åring forkasta

Den 36 år gamle kvinna som blei varetektsfengsla etter drapet i Kvinnherad anka rettsavgjerda om varetektsfengsling. Lagmannsretten forkasta anken hennar.

Huset der ein mann blei drepen i Sandvoll i Kvinnherad

Sigmund Gravdal blei onsdag sist veke drepen i huset sitt på Sandvoll i Kvinnherad.

Foto: Jon Bolstad / NRK

To kvinner på 36 og 47 år blei laurdag varetektsfengsla i fire veker. Kvinnene er sikta for drapet på Sigmund Gravdal i Kvinnherad onsdag sist veke.

Den 36 år gamle kvinna har både ovanfor politiet og i retten hevda at ho ikkje var i huset då drapet skjedde, og ho anka rettsavgjerda frå tingretten om varetektsfengsling.

– Ikkje tatt til følgje

Gulating lagmannsrett har i dag behandla kvinna sin anke og lagmannsretten har vedteke å oppretthalda rettsavgjerda frå tingretten om varetektsfengsling i fire veker.

– Anken blei behandla i dag og den blei ikkje tatt til følgje. Rettsavgjerda frå tingretten blir oppretthalde, seier politiadvokat Asbjørn Onarheim i Hordaland politidistrikt til NRK.

Begge kvinnene blei laurdag varetektsfengsla i fire veker, dei to første i full isolasjon. 47-åringen godtok fengslinga.

Politiadvokaten kjenner ikkje til om 36-åringen vil anka den nye rettsavgjerda frå lagsmannsretten.

– Sikting ikkje nedjustert

36-åringen er framleis sikta for forsettleg drap på Sigmund Gravdal. Frode Skogvold, som er forsvararen til kvinna, sa tidlegare i dag til NRK at siktinga var blitt nedjustert til medverknad til forsettleg drap. Dette stemmer ikkje ifølgje Onarheim.

– Eg kan stadfesta at siktinga står ved lag som den har gjort frå det første fengslingsmøtet. Etterforskinga vil så avklara kva roller desse to har hatt, seier Onarheim.

Eigedelar som tilhøyrte den drepne skal ha blitt funne på 36-åringen, men politiadvokaten vil ikkje kommentera om dette stemmer.

– Detaljar som har kome fram i etterforskinga ønskjer eg ikkje å kommentera. Me treng arbeidsro, seier Onarheim.

Begge kvinnene har frivillig gitt forklaring i saka, men Asbjørn Onarheim vil ikkje kommentera om det dei seier samsvarer.

LES OGSÅ: Drapssiktet kvinne (47) hevder å ha handlet i nødverge