NRK Meny
Normal

Dansk dykkar døydde ved Haakonsvern

Dykkaren som vart brakt til land ved Haakonsvern i ettermiddag er no stadfesta omkomen. Den danske mannen steig for raskt opp etter eit dykk. Det gjort livreddande førstehjelp, men livet stod ikkje til å redde.

Drukningsulykke ved Håkonsvern

OMKOM: Fire fritidsdykkarar dykka saman utanfor Haakonsvern i ettermiddag. Ein dansk dykkar skal ha hatt ei for rask oppstigning, og den siste timen vart det forsøkt drive livredning utan hell.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Tom Johannessen

PÅ STADEN: Tom Johannessen var innsatsleiar og seier dykkaren omkom vart brakt til land av båtføraren i følget.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

– Dykkaren som vart tatt til land er stadfesta omkomen av lege ifrå luftambulansen. Dei andre dykkarane har vi gjort greie for no, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

Ein person fann ein dykkar i dårleg form i sjøen utanfor Haakonsvern. Han tok vedkomande opp i båten sin, og tok han med inn til Haakonsvern. Politiet fekk meldinga klokka 13.43.

Fritidsdykkaren skal ha hatt ei for rask oppstigning, og den siste timen vart det drive med livreddande førstehjelp, men livet stod ikkje til å redde.

– Det me veit er at ein av desse dykkarane har komme opp til båten der det framleis oppheldt seg ein båtførar, og skal ha gitt uttrykk for å ha fått problem under dykket. Han blei etter ei stund brakt til land for behandling, seier Tom Johannessen som er innsatsleiar i Hordaland politidistrikt.

(Saka held fram under Twittermeldinga.)

Laster Twitter-innhold

Fire danske dykkarar

Helikopter

STADFESTA OMKOMEN: Dykkaren vart stadfesta omkomen av lege frå luftambulansen.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Det var fire danske personar som dykka saman. Dei tre andre dykkarane skal vere funnen i god behald.

– Det var fire danske fritidsdykkarar som var saman der ute. Dei andre er no komne til rette og er i god behald, seier Kronen.

– Me er i ein initialfase no, der me har konsentrert oss om redningsarbeidet, og startar no etterforsking og får brakt på det reine både personalia, og varsling av pårørande, seier Johannessen.

Haakonsvern stengt for presse grunna terrorvarsel

Presseoffiser Nils Kristian Haugen i Sjøforsvaret stadfesta overfor NRK at redningsetatane var på plass på Haakonsvern, blant anna med skadestadsleiing frå politiet.

– Det er politiet som uttaler seg i denne saka. På grunn av den varsla trusselsituasjonen, slepper inga presse inn på Haakonsvern, seier Haugen til NRK.

Laster kart, vennligst vent...

ULYKKE: Dykkarulykka skal ha skjedd i fjorden mellom Haakonsvern og Bjorøy.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik