Hopp til innhold

Studentar undervurderte Trolltunga

Eit tynnkledd turfølgje fekk i går kveld problem på tur til det populære turmålet Trolltunga i Hardanger. Dei spanske og italienske studentane måtte ha hjelp for å koma seg trygt ned att.

Trolltunga

Populære Trolltunga ved Tyssedal

Foto: Dag Endre Opedal / Flickr

Turfølgjet på 13 var tynt kledde og gjekk med låge sko. Dei var heller ikkje særleg fjellvante. Då det blei mørkt, fekk dei problem. To av dei kom seg ned for å varsla at dei elleve andre trengde hjelp.

Politiet og Røde Kors Hjelpekorps fann dei i 22.45-tida, og hjelpte dei ned att frå fjellet.

– Må vera utstyrt

– I dette tilfellet gjekk dei frå asfalt og opp til snø, og då må du vera godt utstyrt, seier lensmann i Hardanger lennsmannsdistrikt, Øyvind Rosseland.

– Hadde dei fulgt fjellvettreglane kunne dette vore unngått, meiner Rosseland, som påpeikar at dette er ein tur som krev at ein har gode sko og har med seg ekstra klede.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Utfordrande tur

Lensmannen trur ungdommeleg overmot eller feilvurdering var grunnen til at studentane i byrjinga av 20-åra havna i problem.

– Turen tek fire timar frå Skjeggedalen, og veret skiftar fort når ein skal opp i 1000 meters høgde, seier Rosseland.

Fleire tusen menneske har vore til Trolltunga i år, og dei fleste er bra utstyrte.

– Men det er ein del turistar som ikkje har dei nødvendige forutsetningar, eller som ikkje har førebudd seg på dei utfordringane dei møter, seier lensmannen.

Les og: