Hopp til innhold

– Eg må vel byrja å avgrense meg sjølv litt

Vil Henning Warloe halde fram med dei komiske utspela på Twitter? Det spørsmålet har mange stilt seg etter at det blei kjent at han blir Bergens nye byutviklingsbyråd.

Henning Warloe

SLUTTEN PÅ WARLOE-TWEETS? Etter at det blei kjent at Henning Warloe blir Berns nye byutviklingsbyråd er det mange som har stilt spørsmål ved om han vil halde fram med dei komiske innlegga sine på den sosiale nettstaden.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det er jo fleire som meiner at eg må roe meg litt ned no når eg skal inn i byrådet. Men me får sjå. Eg har mykje moro med Twitter og ynskjer å halde fram, seier den ferske byråden.

Sjå eit utrdag av innlegga til Warloe nedst i saka

På Twitter introduserer Warloe seg som «En eks-politikar frå Høyre. Har vore byråd i Bergen og stortingsrepresentant. Nå vald inn på Twitter for å overvinne ironi, tøys og tull; vår tids største problem!»

Med sine 5000 føljarar og 8000 innlegg kan ein trygt seie at Warloe er særs aktiv på den sosiale nettstaden.

– Kan vere problematisk å halde fram

Magnus Takvam, politisk kommentator i NRK, seier han blei overraska over at Henning Warloe i dag blei presentert som ny byråd for byutvikling i Bergen. Takvam meiner at Warloe ikkje lenger kan vere like fritalande som før.

– Det er klart at dersom innlegga er så kontroversielle at det skapar politiske problem for han, så kan han ikkje halde fram med desse innlegga, seier takvam.

– Kan han ikkje halde fram med å vere aktiv på Twitter?

– Det seier seg sjølv at ein må ha ein meir moderat profil i offentlegheita om ein skal vere i byrådet i Bergen, meiner Takvam.

Laster Twitter-innhold

– Vil twitre vidare

Sjølv har ikkje Warloe planar om å slutte med dei komiske innlegga sine, men vedgår at han kanskje ikkje kan legge ut dei mest kontroversielle tankane sine.

– Eg må jo sjå det litt an, men eg har veldig lyst å halde fram. Eg har jo mange føljarar, det hadde vore kjedeleg å slutte heilt, seier Warloe.

Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen ser på Warloe sine tweets med humor, men er klar på at det ikkje er alt han kan legge ut på den sosiale nettstaden.

– Han får nok framleis lov til å vere morosam på Twitter, men han får nok ikkje lov til å twitre frå byrådskonferansane, seier Stolt-Nielsen.

Statsminister Erna Solberg er heller ikkje heilt avslappa til Warloe sine innlegg. Rett etter pressekonferansen torsdag sa ho til VG at Warloe må passe betre på Twitterkontoen sin.

Men dersom hans nye plass i byrådet betyr slutten for komikarrieren hans på Twitter, er det nok mange som blir skuffa.

Etter at det onsdag blei kjent at Warloe er Bergens nye byutviklingsbyråd, har fleire ytra ynskje om at høgrepolitikaren framleis skal vere i synleg på sosiale medium, mellom anna kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold