– Vassrøyra er tikkande bomber

Vassrøyr som ligg nedgravne under dei store byane i landet blir ikkje vedlikehalde over lang tid. Eit brot kan skje kva tid som helst.

Vassleidning

RISIKO: Måndag sprang eitt av røyra lekk i Christies gate i Bergen. No jobbar dei med å få nye røyr på plass. Vass- og avlaupsetaten fortel at det er ein risiko for brot i gamle røyr.

Foto: NRK

– Vassrøyra er tikkande bomber. Skal ein løysa dette, må ein skifta dei ut, fortel takstsjef i forsikringsselskapet Tryg, Lars Angell.

900 kilometer med vassrøyr er nedgravne under Bergens gater. 38 av dei er frå 1917 eller tidlegare. Mange har ikkje blitt vedlikehalde på over hundre år. I går sprang eitt av røyra lekk i Christies gate.

– No var me heldige med at det var sommarferie og mindre trafikk enn vanleg, men det er likevel alvorleg. Det fortel Martin Opdal, fungerande leiar i vass- og avlaupsetaten i Bergen kommune.

Dyrt å skifta røyra

– Erfaringsmessig har me ikkje hatt store erstatningssaker på vassleidningsbrot, men det er klart at ein leidning blir eldre, så det er alltid ein risiko.

Opdal fortel at brot i gamle vassrøyr ikkje berre skjer i Bergen.

– Dette er eit generelt problem for alle kommunar, alle fall i dei store byane, der dei har mange gamle leidningar. Der må ein skifta ut ein viss prosent kvart år for å halde på ein riktig tilstand.

Kommunane risikerer store erstatningskrav dersom dei gamle vassrøyra ryk.

Kva ville det kosta Noreg å skifta ut alle dei gamle røyra med nye?

– Det er veldig store summar, seier Opdal.

Martin Opdal

STØRRE UTSKIFTING: Martin Opdal, fungerande leiar i vass- og avlaupsetaten i Bergen kommune, fortel at dei prøver å auka fornyingstakten, slik at det blir skifta ut fleire røyr i året.

Foto: NRK

Kjellarar kan bli fylt med vatn

Måndag vart ingen hus råka av dei store vassmengdene i Christies gate, men det kunne fort ha vore tilfelle, ifølgje Tryg.

– Tenk på dette trykket som står, og dei røyra som ligg nedgravne. Mange tusen liter vatn kan på rimeleg kort tid renna ut, og fylla blant anna kjellarar med vatn, fortel takstsjef Angell.

Lars Angell

Takstsjef i forsikringsselskapet Tryg, Lars Angell.

Foto: NRK

Han meiner brotet i vassrøyret i Christies gate er ein forvarsel på nye store brot.

– Dette går ikkje over av seg sjølv. Neste brot kjem, men om det kjem i morgon eller om eitt år, veit verken eg eller Bergen kommune. Og det er jo noko av utfordringa til kommunen.

Vedlikehald på etterskot

Martin Opdal i Bergen kommune fortel at dei jobbar med å fornya vassleidningsnettet. Dermed blir risikoen for brot mindre.

– Me har ein fornyingsplan der me fornyar mellom fem og seks kilometer med leidning kvart år.

Over halvparten av dei norske kommunane meiner vedlikehaldsarbeidet ligg på etterskot.

– Me prøver å auka fornyingstakten, slik at me kan nærma oss ni kilometer i året, fortel Opdal.

Han legg til at dei gamle røyra ikkje treng å vera spesielt utsett for brot.

– Gamle røyr kan vera av god kvalitet. Me har undersøkt nokre røyr innvendig, og funne ut at dei er veldig sterke og har lang restlevetid.

Utskifting av vassrøyr
Foto: NRK