Hopp til innhold

– UiB må bryte med israelske institusjonar

Studentrepresentant i Universitetsstyret krev at Universitetet i Bergen avsluttar alt samarbeid med israelske institusjonar. – Det ville sendt eit kraftig signal.

TOPSHOTS-PALESTINIAN-ISRAEL-CONFLICT-GAZA

Røyken sig opp frå Gaza By etter at rakettar vert sendt frå Gazastripa og inn i Israel tysdag ettermiddag. 75 prosent av talet på drepne sidan 7. juli er sivile, fastslår FN.

Foto: THOMAS COEX / Afp

Anders Parmann

Studentrepresentant i Universitetsstyret, Anders Parmann, meiner Universitetet i Bergen må vise solidaritet og avslutte alt samarbeid med israelske institusjonar.

Foto: Privat

Ifylgje palestinsk helsepersonell er 205 menneske drepne sidan Israel sin militæroperasjon mot Hamas starta tysdag i førre veke.

I eit lesarinnlegg i Bergens Tidende i dag krev Studentrepresentant i Universitetsstyret, Anders Parmann, at Universitetet i Bergen må bryte alt samarbeid med israelske institusjonar.

– Eg meiner at UiB må gje klar beskjed om at dei ikkje kan samarbeide med Israel før dei byrjar å ta omsyn til menneskerettane og til dei internasjonale reglar som gjeld, seier Parmann til NRK.no.

Universitetet har avtale med Tel Aviv University om studentutveksling.

– Det ville sendt eit kraftig signal

I lesarinnlegget skriv Parmann mellom anna: «Som god samarbeidspartnar må me vise internasjonalt samfunnsansvar. Gode partnarar, som gode vener, seier frå når ein har kryssa ei grense.»

Militæroperasjonen mot Gaza er no på åttande dagen, og Israel ber 100.000 palestinarar på Gazastripa om å evakuere. Parmann meiner det ville sendt eit kraftig signal til israelske myndigheiter dersom UiB hadde gått med på studentkravet.

– Eg meiner ikkje at me skal kutte kontakten tvert. Me må gje ei klar grunngjeving, og me må seie at me er villige til å ta opp att kontakten, dersom forholda betrar seg.

– Burde UiB velje side i denne konflikten?

– Det handlar ikkje om å velje side for eller imot eit land, men å vise at me står på for internasjonale menneskerettar. Dei burde velje sida til dei lidande, seier Parmann.

– Dersom UiB hadde brote samarbeidet ville det sendt eit signal om at universitetet tar internasjonalt ansvar og at det er ein institusjon som er bevisst si rolle i samfunnet.

– Boikott er ikkje vår strategi

Dag Rune Olsen

Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, seier UiB vil velje dialog heller enn boikott.

Foto: UiB

Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, seier Universitetsstyret ikkje har behandla boikott som verkemiddel, verken tidlegare eller i tilknyting til denne konflikten. Han trur heller ikkje det er den riktige vegen å gå.

– Universitetet i Bergen har ikkje boikott som strategi. Grunnen til det er at me har tru på at den kritiske og opne dialogen er ein av våre aller beste og viktigaste bidrag, seier Olsen.

– Kva dialog har de hatt med israelske samarbeidspartnarar då?

– Så langt har me ikkje teke opp problemstillingar knytt til denne konflikten med våre israelske samarbeidspartnarar. Det er rett og slett fordi denne konflikten har eksplodert i ferietida vår.

Rektoren legg til at dei stort sett oppfattar dei universiteta UiB samarbeider med som frie og uavhengige.

– Me meiner at me ved å støtte oppom universitet i Israel kan bidra til ein meir kritisk debatt.