NRK Meny
Normal

– Tenk deg synet når 2000 illsinte strilar kom til byen

For akkurat 250 år sidan samla over 2000 strilar seg i Bergen. Der starta dei det største bondeopprøret vi har hatt i Noreg: Strilekrigen.

Anno, Strilekrigen

STRILEKRIGEN: For akkurat 250 år sidan samla over 2000 strilar seg i Bergen, der dei starta det største bondeopprøret vi har hatt i Noreg.

Foto: ANNO

– Bakgrunnen for Strilekrigen er at strilane syntest dei betalte for mykje skatt. Enkelt og greitt, seier historikarane Bjørn Arvid Bagge og Kenneth Bratland.

Strilane var bønder frå dei næraste landdistrikta til Bergen. Dei hadde fått nok av den brutale innkrevjinga av ekstraskatten og no ville dei ha kongen i tale.

– Kvar enkelt individ måtte betale ein riksdalar, og det var veldig mykje pengar for bønder på den tida. Spesielt om ein hadde ein stor familie, forklarar Bagge.

Trudde ikkje kongen ville bøndene så vond

Den 1. mars reiste eit par hundre bønder til Bergen med eit brev til stiftsamtmannen, som dei ville han skulle overlevere til kongen.

Strilekrigen

STRILANE MOBILISERTE SEG: Over 2000 bønder frå Nordhordland var klar i Bergen den 18. april 1765.

Foto: Statsarkivet i Bergen

– Bøndene trudde ikkje at kongen ville desse fattige bøndene så vondt ved at dei måtte betale skatt. Dei trudde det var embetsmennene sjølv som hadde dikta opp skatten, for å stikke av med pengane sjølv, seier Bratland.

Dei fortvila bøndene leverte brevet og Stiftsamtmannen lova å sende brevet til kongen i København. Men så vart dei ståande å krangle, og det heile enda med at Stiftsamtmannen jaga bøndene.

– Nokre fekk bajonettsår, medan andre vart banka opp med gevær. Det var ein røff behandling dei fekk kan du sei, forklarar Bagge.

Bøndene mobiliserte i det skjulte

Bøndene venta på svar, men det kom aldri. Då sette bøndene i gang med å mobilisere seg i skjul. Over 2000 bønder frå Nordhordland var klar i Bergen den 18. april 1765.

– Bergen var på den tida ein by på rundt 13500 innbyggjarar. Så når 2000 sinte strilar kom til byen, då kan du tenkje deg at det gav sterkt inntrykk, seier Bagge.

Bøndene godtok ikkje svaret frå stiftsamtmannen og futen om at dei ikkje hadde fått noko svar frå kongen.

– Futen vart dradd frå gamle rådhuset ut mot Nykirken, så han vart ganske hardt og røft behandla. Stiftsamtmannen vart truga og frykta for livet. Det heile var skikkeleg dramatisk, seier Bagge.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Få med deg historia om Strilekrigen frå NRK programmet Anno.

Lova å gje pengane tilbake

Stiftsamtmannen prøvde å rømme, men vart tatt igjen. I eit desperat forsøk på å behalde livet, lova Stiftsamtmannen at bøndene skulle få pengane sine tilbake.

– Det vart han nøydd til å gjennomføre og både futen og stiftsamtmannen vart mellombels sett i husarrest. Bøndene vart att i Bergen i nokre dagar, til dei fekk utbetalt alle pengane sine, forklarar Bratland.

Dømd til livsvarig fengsel

– Styresmaktene reagerte på det som hadde skjedd i Bergen. Kong Fredrik V sende ein stor undersøkingskommisjon, 400 soldatar og to krigsskip til Bergen, seier Bratland.

Det enda med at fire personar vart dømd til livsvarig fengsel.

– Det er litt tilfeldig kven dei arresterte, men dei klarte nok aldri å ta dei som organiserte det heile, seier Bagge.

I ettertid hadde Strilekrigen vore med og gjort store endringar. Endringar både i skatten og i innkrevjingsmetodane fann stad og ekstraskatten vart avvikla for Noreg sin del i 1772.

– Så bøndene vann til slutt fram, seier Bratland.

250-års markering

I samband med 250-års markeringa av Strilekrigen, har Statsarkivet i Bergen og Spesialsamlingane ved Universitet i Bergen laga ei svært innhaldsrik nettutstilling om Strilekrigen.

– Vi har laga ei digital utstilling der vi fortel historia. Vi presenterer det i tekst og bilete, men vi har og vore i alle arkiva og funne kjelder om Strilekrigen som dei fleste ikkje har sett før, legg Bagge til.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik