Hopp til innhold

– Styret må gå!

Brann-supporterane vil la hovud rulle.

Branns Erik Huseklepp depper

Huseklepp & Co måtte gå skuffa av banen i går.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Brann-supporter

Brann-supporterane er ute etter blod.

Foto: Ole Berg-Rusten / Scanpix

Supportarane viste ingen nåde mot styret i Brann etter 4-3-tapet mot Start i går. Taktfaste rop om at styret måtte trekka seg runga på stadion.

Styreformann Hans Brandtun likte ikkje tilropa frå tribunen.

– Det er jo sjølvsagt ikkje noko hyggjeleg å høyre det. Men samstundes må ein rett og slett tåle det. Me må komme oss vidare, seier Brandtun.

I nedoverbakke

Sidan i vinter har presset mot leiar Hans Brandtun og styret i klubben auka. Sportsleg har det meste gått nedover etter gullet i 2007. Økonomisk har det gått like ille.

I vinter bad sjefsinvestor Bjarne Berg i Hardball om at han kunne spytta fleire titals millionar inn i klubben om styret trekte seg.

– I ein annan bedrift er det jo ikkje ein einaste leiar eller styreformann som ville overlevd noko slikt som dette. Det kan berre skje på Brann stadion, seier Berg.

Må jobbe knallhardt

Òg trenar Steinar Nilsen fekk med seg tilropa på stadion i går.

– Eg tykkjer sjølvsagt det oppleves som tungt som trenar, me får jo alle med oss dei tinga som vert sagt. Og det er trassig, seier trenaren.

– Korleis skal de snu dette?

– Det er ingen enkle løysingar. Me må jobbe knallhardt kvar einaste dag, både styre, administrasjon og sport.