NRK Meny
Normal

Knivdrama: Mykje blod gjorde at politiet slo alarm

BERGEN (NRK): Tre menn er arrestert etter eit knivslagsmål i sentrum av Bergen i natt. Grunna mykje blod på staden trudde politiet først at ein fjerde person var sakna.

politisperring

PÅGRIPEN I LEILEGHEIT: Etter å ha følgt blodspora klarte politiet å finna ein person i ei leilegheit, og arrestera han. To andre melde seg på politistasjonen nokon timar etter. Først meinte politiet blodspora på staden ikkje samsvarte med skadene på dei tre personane som var pågripne, og meinte ein fjerde person kunne vera sakna.

Foto: MARTHE NJÅSTAD / NRK

Politiet fekk melding om slåstkamp klokka 04.13 i natt i Erik Pontoppidans gate i sentrum av Bergen.

– Vitne har sett fleire personar som slost, og at det vart brukt kniv. Men då me kom fram var situasjonen avklart, og personane forsvunne, seier operasjonsleiar Hans-Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Det skal ha vore mykje blod på staden.

– Etter å ha følgt blodspora klarte me å finna ein person i ei leilegheit like ved, og pågripa han. To andre kom å melde seg på politistasjonen i dag tidleg.

Politiet trudde først det mangla ein person ut ifrå blodspora på åstaden.

– Ifølge mengda blod som er funne, så samsvarar ikkje det med dei skadane som er på dei tre personane me har arrestere, sa Thue klokka 09.30.

Inngang blodspor

BLODSPOR: Slik såg det ut ved inngangen til leilegheita i Erik Pontoppidansgate, kor ein person blei pågripen i natt.

Foto: MARTHE NJÅSTAD / NRK

– Ser ut som alle er gjort greie for

Klokka 12.00 opplyser Thue om at ting kan tyda på at ein fjerde person ikkje er involvert.

– Grunna mykje blod på staden trudde me først det kunne vera ein person til, men utifrå dei krimtekniske undersøkingane er det sannsynleg at dei involverte er tatt. Me kan likevel ikkje avkrefta dette, sidan me endå er tidleg i etterforskinga.

Ein person er sendt til Haukeland sjukehus med kuttskader i handa. Skadene hans kan samsvara med blodmengden på åstaden, meiner politiet.

To av dei involverte er i 20-åra, og ein i 30-åra.

– Dei pågripne snakkar ikkje norsk, og me har hatt litt språkproblem. Men no har me fått tak i tolk, seier Thue.

Politiet har krimteknikarar på staden, og vil gjerne ha tips i saka.

Laster kart, vennligst vent...

TIPS: Politiet vil gjerne ha tips i saka. Dei fryktar ein person med knivskadar ikkje er funnen etter knivslagsmålet i sentrum i natt.

– Det var forferdeleg

Eit vitne som Bergens Tidende snakka med, seier ho såg ein mann som blei truga med ein stor kniv.

–​ Det var eit grusomt syn. Det låg ein mann på panseret på ein bil, medan to menn truga han. Dei holdt ein svær kniv mot halsen hans. Dei ropte og skreik, seier kvinna til BT.

Ho skal ha ringt politiet, men då var mennene forsvunne.

– Dei forsvann plutseleg. Det var skrik og skrål nedover heile gata. Det var ei forferdeleg oppleving, seier ho til avisa.

Siste video

Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.
Programleder: Mariann Reikerås