NRK Meny
Normal

– Over 100 mobba barn byter skule kvar månad

Då June Elise Gulli fortalde om mobbinga blei ho oppmoda om å byte skule. No vil regjeringa endre lova for å gjere det klart at det er mobbaren som må flytte til ein anna skule.

Regjeringa foreslår å endre opplæringslova og privatskulelova slik at det kjem tydelegfram at det er mobbarane som skal byte skule.

VIL ENDRE LOVA: Regjeringa foreslår no å presisere i opplæringslova og privatskulelova at det er mobbarane som må byte skule i slike saker. – Eg tenker det er betre at det er den som mobbar som får kjenne på konsekvensar av det som skjer, seier June som sjølv har blitt utsett for mobbing.

– Det var utestenging. Dei ville ikkje sjå på meg, dei flytta seg unna meg, eg blei ikkje invitert med på ting. Det var ikkje gøy, det var eit helvete.

For June er mobbinga ein del av livet som no er over, men ho blei ikkje ferdig med mobbarane før etter vidaregåande. Ho blei oppmodar om å byte skule, men nekta.

Ein forventar at mobbeproblematikk skal løysast på grunn av lovendringa. Det veit me berre er tull.

Leiar i Stopp mobbingen, Tore Sveum

– Foreldra mine var litt på den tanken at eg skulle bytte. Men eg tenkte at viss eg slutta var det eg som tapte, og dei som vann, seier June.

Lovverket opnar allereie for at ein kan flytte mobbarar til andre skular. Men regjeringa foreslår no å presisere i opplæringslova og privatskulelova at det er mobbarane som må byte skule i slike saker.

– Me gjer no lovverket tydelegare, slik at det kjem klart fram at det er mobbaren som skal byte skule og ikkje den som blir mobba, seier Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

(Artikkelen held fram under biletet)

June

UTSETT FOR MOBBING: June har no komme seg vidare, etter at ho i årevis blei mobba på skulen.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Lærarane støttar ikkje forslaget

Leiar i Utdanningsforbundet i Bergen, Bjarne Mohn Olsvold, meiner lova ikkje let seg gjennomføre i praksis, og at regjeringa har feil fokus.

Bjarne Mohn Olsvold

KRITISK TIL FORSLAGET: – Eg tykkjer det er veldig vanskeleg å støtte eit så alvorleg forslag, seier Leiar i Utdanningsforbundet i Bergen, Bjarne Mohn Olsvold.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg tykkjer det er veldig vanskeleg å støtte eit så alvorleg forslag. Ein gjer eit veldig alvorleg inngrep i enkelt barn sine liv når ein faktisk nektar dei å gå på eigen nærskule.

Han meiner det er langt viktigare å rette innsatsen mot førebyggande arbeid.

– Eg tykkjer det er mykje viktigare å ha eit fokus på førebyggjande tiltak for å unngå at ein kjem i slike situasjonar, seier Olsvold.

– Kvar månad byter over 100 mobba barn skule

Han får støtte frå leiar i Stopp mobbingen, Tore Sveum.

– Per i dag ser det ut til at ein bruker endringa i opplæringslova som ei hovudløysing på mobbeproblematikken, og det er feil. Eg ønsker meg mykje klarare og sterkare fokus på handling som stoppar mobbing.

Tore Sveum

– FEIL FOKUS: Denne presiseringa skapar ein god del forventingar hos foreldre som har barn som blir mobba, seier leiar i Stopp mobbingen, Tore Sveum.

Foto: privat

Ifølgje organisasjonen Stopp mobbingen, byter over 100 barn skule kvar månad, fordi dei blir mobba.

– Forslaget er berre ei presisering av eit allereie eksisterande lovverk. Denne presiseringa skapar ein god del forventingar hos foreldre som har barn som blir mobba. Det ser ut som at ein forventar at mobbeproblematikk skal løysast på grunn av dette. Det veit me berre er tull.

– Mobbaren skal byte skule

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner presiseringa i lovverket er viktig.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)

FORESLÅR Å ENDRE LOVA: – Me gjer no lovverket tydelegare, slik at det kjem klart fram at det er mobbaren som skal byte skule, seier Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Viss skulen kan dokumentere at nokon har mobba og at det ikkje er noko anna alternativ enn at ein må byte skule, så skal det i utgangspunktet vere mobbaren som skal byt skule, ikkje den som har blitt mobba og trakassert.

June som sjølv har opplevd dette gjennom ei årrekkje, meiner det er viktig at det er den som mobbar som skal verte «straffa».

– Eg tenker det er betre at det er den som mobbar som får kjenne på konsekvensar av det som skjer. I staden for at den som blir mobba får enda fleire følgjer av det ein har opplevd.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen