Hopp til innhold

Mobile jordmødre har vorte ein suksess

Fjell kommune får ros av regjeringa for pilotprosjektet «jordmorHeim».

Video Mobile jordmødre har vorte ein suksess

VIDEO: Helseminister Anne-Grete Strøm Erichsen gjesta Fjell kommune i dag, og fekk oppleva prosjektet «jordmorHeim» i praksis.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap)

Helseminister (AP) Anne-Grete Strøm Erichsen.

Foto: Øijord, Thomas Winje / SCANPIX

– Det er jo ganske bra at mellom seksti og sytti prosent av kvinnene i Fjell som føder vert fylgt opp på denne måten, seier helseminister, Anne-Grete Strøm Erichsen, som i dag gjesta kommunen og viste si støtte til prosjektet.

– Godt ivareteke

Ordninga er ein del av den såkalla samhandlingsreformen mellom sjukehus og kommunar, der foreldre til nyfødde born får tilbod om heimebesøk av både jordmor og helsesyster.

– Dei har hjulpe oss med amming og veging, og har også teke «føling-prøve». Så det gjorde at me kjende oss ivaretekne, seier mor til vesle Olander, Camilla Finsås.

Mobil jordmor

Olander er éin av dei fyrste borna i Fjell kommune som tek del i «jordmorHeim-prosjektet», og den fem veker gamle guten har vorte van med å få helsesjekkar av både jordmor og helsesyster, heime i si eige stove.

I staden for at mor måtte kjøra han til helsestasjonen, fekk han heimebesøk av ei jordmor, tre gonger i laupet av si fyrste leveveke.

– Det er heilt openbart at dette er eit godt og etterspurt prosjekt. Eg trur det er ein veldig god modell, som eg absolutt meiner kan nyttast andre stader, seier Strøm Erichsen.

JordmorHeim-prosjektet ein suksess

Mor til Olander på berre fem veker, Camilla Hinsås, er nøgd med tilbodet frå «jordmorHeim».

Foto: NRK

Etterspurt tilbod

Prosjektet som starta i januar, har så langt vist seg å vera ein suksess for jordmødrene i Fjell kommune.

– Heilt i frå Sogn og Fjordane og nedover til Rogaland, så får me stadig spørsmål om ordninga, der dei ynskjer å ha til tilsvarande prosjekt i sin kommune, seier Hege Verpe Nordvik, jordmor ved Straume helsestasjon i Fjell.