Hopp til innhold

Fengsla for valdtektsforsøk

Ein mann (48) er varetektsfengsla i fire veker, sikta for valdtektsforsøk mot naboen. Mannen skal ha vore psykotisk.

Trond Eide

FIRE VEKER: Politiet meiner det er fare for gjentaking. Politiadvokat Trond Eide vil difor be om fire veker i varetekt for mannen som er sikta for valdtektsforsøk.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Mannen tok seg inn i huset til ein nabo og forsøkte å valdta henne, opplyser politiadvokat Trond Eide i Vest politidistrikt til NRK. Det var Bergensavisen som først melde om saken.

Fredag ettermiddag blei mannen varetektsfengsla i fire veker. Slutninga frå retten er ikkje offentleg av omsyn til den sikta, opplyser Eide.

Budde i same bygning

Valdtektsforsøket skjedde på dagtid 9. juli. Kvinna budde i same bygning som sikta.

– Døra var åpen, og han gjekk rett inn, seier Eide til NRK.

48-åringen har ein historikk med rus og psykiatri.

Fekk behandling

– Då valdtektsforsøket skjedde, var sikta i ein slik tilstand at han blei innlagt i psykiatrien. Han var psykotisk. Om psykosen var rusutløyst, er usikkert.

Den sikta har vore under psykiatrien sitt ansvar fram til i dag.