Hopp til innhold

– Må rekna med dobla straumprisar

Det meiner analytikar i Bergen Energi. NHO Hordaland fryktar at mindre bedrifter må legga ned.

Gjeld
Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

Frå 15. mars blir det endringar når det gjeld kva soner nordmenn får straum frå. Konsekvensen for vestlendingane er at det blir færre som tilbyr kraft.

Kombinert med høgt forbruk og lite vatn i magasina kan dette få store økonomiske konsekvensar.

– I forhold til det som kanskje er normalt for tida framover no, altså slutten av vinteren og byrjinga av våren, så kan me nok rekna med i alle fall dobbelt så høge prisar som det me vanlegvis opplever, seier Magnus Smistad, analytikar i Bergen Energi.

– Alvorleg for mindre bedrifter

Spådommane hans bekymrar direktøren for NHO Hordaland.

– Dette er særdeles alvorleg, spesielt for dei mindre bedriftene våre og ikkje minst for konkurranseutsette bedrifter, seier Tom Knutsen i NHO.

På kort sikt er mindre bedrifter utan langsiktige leveranseavtalar for straum blant dei som vil bli hardast ramma av ei eventuell dobling i straumprisane. Mange bedrifter har også høge kostnader knytt til transport og løn, samanlinka med konkurrentane i utlandet.

– Når kostnadane blir så store i sum at dei ikkje greier å få seld varene sine, så vil yttarste konsekvens bli nedlegging, seier Knutsen.

Følgjer myndigheitene

Kommunikasjonsdirektør i Statnett, Tor Inge Akselsen, meiner likevel at endringa av straumsonene er nødvendig.

– Vår oppgåve er å sørgja for at alle får straum. Når me no er inne i ein periode der det kan vera fare for knapt med straum så må me handtera det på den måten myndigheitene har vedteke, seier Akselsen.