Familien håpar på eit endeleg punktum når politiet no på ny skal undersøkje forsvinninga av Trine Frantzen i 2004.
I samband med etterforskinga av drapet på 98 år gamle Hilda Feste på Os har politiet fått inn nye tips, skriv
Les òg:
– Åtte tunge år
Forsvinninga vart etterforska som eit mogleg drap, fram til riksadvokaten la vekk saka i 2008.
– Eg håpar at me no skal få setje punktum. Desse åtte siste åra har vore heilt forferdelege. Me går og grublar på kva som har skjedd med ho, kven som har teke ho av dage og kvar ho er no. Dette har prega meg veldig, seier mor til Trine Frantzen, Beate Frantzen.
Ho har mange gode minner om dottera.
– Ho song heile tida og var blid, og ho visste ikkje kva godt ho skulle gjere for dei som var rundt ho. I det heile teke var ho veldig snill og omtenksam.
– Forferdeleg at eit nytt drap måtte til
Politiet i Os har tidlegare blitt sterkt kritisert for å ha venta i tre heile månader frå kvinna vart sakna, til dei byrja å etterforske saka som eit mogleg drap.
– Eg har aldri fått roa tilbake, seier Beate Frantzen.
Trine Frantzen kom frå Os, kommunen der 98 år gamle Hilda Feste vart funnen drepen 1. nyttårsdag. I samband med den nye saka er det kome inn nye tips om forsvinninga for åtte år sidan.
– Eg har alltid tenkt at det på eit eller anna tidspunkt ville kome fram ny informasjon. Men det er forferdeleg å tenkje på at det måtte eit nytt drap til for at det skulle kome nye tips i saka til Trine, seier syster Janicke Merete Frantzen.
No håpar familien at dei endeleg skal få svar på kva som eigentleg skjedde for åtte år sidan.
– Eg håpar og trur og føler at no nærmar me oss slutten. Åtte år er altfor lenge å vente, seier Janicke.
– Me har jo sett opp ein minnestein, og det er veldig godt å gå dit. Men me skulle jo ynskje at ho faktisk låg der, og at me slapp å tenkje på at me ikkje veit kvar ho er, seier Beate.
– Redd for å bli skuffa
Sonen til Trine Frantzen, Jørgen, var berre 13 år då mora forsvann. Han er redd for å håpe for mykje.
– Eg er redd for å tenkje at politiet skal klare å finne svar denne gongen. Det har vore så mykje fram og tilbake. Eg orkar ikkje å bli skuffa. Då blir ting berre enda verre, seier Jørgen.