Hopp til innhold

– Framleis mange på venteliste

I år har mange stått lenge på venteliste for å få norskopplæring for vaksne i Bergen, og difor får Nygård skole fleire nye klasserom. – Det er stadig eit urovekkjande tal på personar som står på venteliste, seier rektor Grete Solvi.

Grete Solvi

REKTOR: Grete Solvi er rektor ved Nygård Skole. Med sju nye klasserom kan Nygård skole tilby plass til 80–90 personar på dagtid, og klasseromma kan også brukast på kvelden.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det har vore stor pågang i heile dette året, og det kan nok ha vore meir enn hundre på venteliste totalt, seier rektor Grete Solvi på Nygård skole.

– Bergen kommune har sagt ja til ein auka busetjing, det medfører auka familiegjenforeining, slik at det totalt er ein auke av deltakarar i Bergen kommune, seier ho.

Plass til 90 fleire personar

Nygård skole ein kommunal barne-, ungdoms- og vaksenopplæringsskule som tilbyr ulike variantar av norskopplæring til vaksne. Skulen er ein av dei største skulane i Noreg, og har til ei kvar tid 1700 elevar. I løpet av eitt år er opptil 4000 elevar innom.

Etter eit år med plassmangel og ventelister for til tider rundt hundre personar, gir Bergen kommune nye leigelokale til skulen. Sju klasserom står klar om ein månad.

– Det blir plass til ein 80–90 deltakarar på dagtid, og så vil det vera plass til klassar om kvelden, viss det blir behov, seier Solvi.

– Dette er ei verksemd som ikkje er mogeleg å seie noko om på førehand. Det kjem plutseleg mange deltakarar, og det handlar om verdssituasjonen, om flyktningar, og det handlar om arbeidsmarknaden, seier ho.

Ventar lenger enn tre månader

I introduksjonslova står det at kommunen skal så snart som mogeleg, og innan tre månader etter busetjing, legge til rette for eit introduksjonsprogram. Eit introduksjonsprogram skal mellom anna innehalde norskopplæring.

– Alle skal ha eit tilbod innan tre månader, og det kan nok skje at nokon har venta så lenge. Personleg meiner eg at ein ikkje skal måtte vente i tre månader, seier Solvi.

– Me ynskjer eigentleg at dei skal få plass innan ein månad, men nokon gonger har dei nok venta i litt fleire veker fordi me ikkje har hatt ein klasse som har passa for den som har stått på venteliste, seier ho.

Dette gjeld vaksne, kva med barn?

– Det skal gå fort, for barn skal ha plass umiddelbart, innan ein til to veker. Det trur eg me stort sett klarer, viss ikkje det er spesielle ting i forhold til ein tolk eller eitt eller anna, seier Solvi.