Hopp til innhold

– Folk her er frustrerte

Opptøyane i London og andre engelske byar er det alle i Guro Otteren-Neale sitt nabolag er opptatt av for tida.

Guro Otteren-Neale bur utanfor London.

Guro Otteren-Neale bur utanfor London.

Foto: Reuters/Privat

Guro Otteren-Neale frå Fana i Bergen bur i utkanten av London. Dei siste dagane har fleire bydelar i London vore prega av plyndring, brannar og opptøyar, men der Otteren-Neale bur har det vore roleg.

– Eg merker ikkje så mykje her me er, men folk er ganske frustrerte over at dei som står bak ikkje forstår kor lite nyttig det dei gjer er. Dei kjem jo ingen veg. Folk her er mest frustrerte over det, og litt bekymra for at det skal spreia seg til nabolaget her, seier Guro Otteren-Neale til NRK.

Reiser til sentrum viss ho må

Folk i hennar nabolag er usikre på om dei bør reisa inn til London sentrum. Sjølv vil ho ikkje reisa om ho ikkje må.

– Men viss det var noko eg måtte dit for hadde eg framleis reist inn, seier ho.

– Korleis er stemninga der du er?

– Det er litt spent. Folk er nærast fasinert over at slike ting kan skje her. Det ser ut som Midtausten, og ikkje London. Det er ting ein er vandt til å sjå på tv frå langt vekke, men ikkje frå nabolaget og London, seier Otteren-Neale.

LES OGSÅ:

– Mykje arbeidsløyse og folk har lite pengar

I nabolaget hennar kan folk forstå at dei som står bak opptøyane er oppgitte, men ingen forstår at dei kan gå så langt.

– Det er mykje arbeidsløyse, folk har lite pengar og slike ting, men å ta det ut over folk som bur i deira eigne eller nærliggande nabolag, som verkeleg ikkje har noko meir enn dei har sjølv. Å brenna ned deira hus og butikkar verkar heilt nyttelaust, seier Guro Otteren-Neale.

– Fryktar du at det vil utarta seg?

– Eg kan ikkje skjønna anna enn at ein må få kontroll før eller sidan. Det verkar som om det framleis speiar seg, men det blir fleire men mindre storleik på det, seier Bergensjenta.

– I 99 prosent av byen ser ein ingenting

Bergensaren Torbjørn Holt er prest i Sjømannskyrkja i London. Han er for tida i Oslo, men har tett kontakt med dei andre tilsette ved Sjømannskyrkja.

Området der kyrkja ligg er førebels ikkje direkte berørt av opptøyane.

– Når me ser tv-bileta må me hugsa at dette er ein umåteleg stor by, og i 99 prosent av byen så ser ein ingenting. Men viss ein er på stadane der ting skjer, så er det sjølvsagt veldig dramatiske ting, seier Torbjørn Holt til NRK.

Sjømannskyrkja er open

– Me passar nøye på. Viss me får situasjonar me vurderer som risikable vil me sjølvsagt ta nødvendige steg for å passa på våre tilsette, fortel Holt.

– Kva kan Sjømannskyrkja hjelpa til med?

– Me er, slik me alltid er i kritiske situasjonar, tilstades. Kyrkja er open i dag og vil også vera det i morgon. Me kan nåast døgnet rundt, viss nokon treng kontakt, seier sjømannspresten.

Han rådar folk som er i London om å unngå situasjonar som verkar trugande.

– Det som er ganske rart her er at me veit eigentleg ikkje heilt årsaka til dette. Tidlegare ting har gått på politiske demonstrasjonar, men denne gangen ser det så langt ikkje ut til at det er nokon tydeleg politisk agenda. Dette blir no handtert som forbrytingar, men det ligg nok ein god del sosial uro og mange ulike ting under dette, seier Holt.

ER DU I LONDON NO? TA KONTAKT PÅ HORDALAND@NRK.NO