Hopp til innhold

– Flyktningar må få jobbe når dei søker asyl

5.000 flyktningar ventar på å få tildelt ein kommune å bu i. – Å halde fram som i dag, er eit uhaldbart alternativ, seier stortingsrepresentant Karin Andersen (SV).

Nærmere fire millioner syrere har flyktet

MEINER FLYKTNINGAR MÅ FÅ JOBBE: – Me må få på plass både ny busetjingsordning og moglegheit til å jobbe også medan du søkjer asyl, seier Karin Andersen. Biletet viser ein flyktningleir for syrarar.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters/NTB Scanpix

Karin Andersen

JOBB: Karin Andersen (SV) meiner flyktningar må få jobbe.

Foto: Stig Weston / SV

– Busetjing kan ikkje løysast ved frivillig dugnad, ein dugnad Frp lokalt har blokkert i årevis. Både den enkelte flyktning og det norske samfunnet tapar på dette, seier Andersen.

I dag sit kring 5.000 flyktningar på asylmottak og ventar på å få tildelt ein kommune å bu i. I 2014 blei kommunane bedde om å ta i mot 10.000, men mange kommunar seier nei til å ta i mot flyktningane.

Dette må det bli slutt på, meiner Andersen.

– Me må få på plass både ny busetjingsordning og moglegheit til å jobbe medan du søkjer asyl. Ingenting er meir skadeleg enn passivitet, eller at folk nærmast ikkje har anna val enn å jobbe svart.

– Må få velje kvar dei vil bu

UDI-direktør Frode Forfang har tidlegare talt for at flyktningar bør få velje bustad sjølve, og at pengane skal følgje flyktningen til den kommunen han eller ho vel å busetje seg i.

– Slik kan flyktningar i større grad få ta ansvar for seg sjølv og framtida si. I staden for å bli behandla som passive klientar, får flyktningane då moglegheit til å ta tilbake kontrollen over eige liv. Det vil gagne den enkelte flyktning, og samfunnet, seier Andersen.

Vil ikkje gi arbeidsløyve

Njåstad

SEIER NEI: Helge André Njåstad (Frp) er negativ til Andersens framlegg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Frps Helge André Njåstad seier busetjingsproblema mellom anna skuldast bustadmangel.

– Det kan også vere enkelte av Frps lokalpolitikarar har vore negative som følgje av den raudgrøne regjeringas manglande evne til å sende ut dei som ikkje skal ha opphald, eller at integreringstilskotet har vore for lågt, seier Njåstad.

Han meiner barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne har sett meir fokus på dette enn forgjengarane.

– Vi forventar at fleire kommunar vil busetje som følgje av det, seier Njåstad.

Han er negativ til Andersens ønske om sjølvvalt kommune, fordi flyktningane då kan havne i ein kommune utan godt nok integreringsapparat. Njåstad meiner heller ikkje det er relevant å snakke om arbeid.

– Frp arbeider for at asylsøknadar skal handsamast så raskt at det ikkje vil vere relevant med arbeidsløyve i søknadsperioden.