NRK Meny
Normal

– Byutviklinga i Bergen er totalt feilslått

I morgon opnar det siste i rekkja av fleire kjøpesenter i Åsane. – Politikarane burde aldri ha latt det blitt bygd, meiner Steinar Kristoffersen i Bergen sentrum AS.

Horisont kjøpesenter

OPNAR TORSDAG: Det nye kjøpesenteret i åsane, Horisont, har sett nytt liv i debatten om byutvikling i Bergen. Sjå reportasjane frå Åsane og Bergen, samt debatten i Vestlandsrevyen her.

– På lokalet på hjørnet der nede var det butikk i alle år. Der er det no berre spikra igjen. Det er på grunn av ei totalt feilslått byutvikling dei siste 30–40 åra.

Steinar Kristoffersen, dagleg leiar i Bergen sentrum AS, har sett dei små butikkane på Nøstet i Bergen visne bort ein etter ein. Skulda ligg hos kjøpesentera som berre blir fleire og fleire, meiner han.

Steinar Kristoffersen

Steinar Kristoffersen, dagleg leiar i Bergen sentrum AS, meiner byutviklinga i Bergen dei siste tiåra har vore totalt feilslått.

Foto: NRK

I morgon opnar enda eit kjøpesenter, Horisont, i Åsane. Det burde aldri ha blitt bygd, og politikarane i Bergen burde ha stoppa det, meiner Kristoffersen.

– Eg meiner politikarane burde ha eit overordna ansvar for samfunnsutvikling og ikkje berre sleppe laus alle initiativ som kjem, spesielt utanfor sentrum.

– Det øydelegg for mangfaldet. Det øydelegg for heile byen og regionen. Å satse på sentrum vil auke utvalet og mangfaldet, meiner han.

– Leiga på kjøpesentera hadde strupt oss

Åsane får 73 nye handelsplassar når kjøpesenteret Horisont opnar torsdag. Då har bydelen med drygt 40 000 innbyggarar tre kjøpesenter, i tillegg til Ikea på ei strekning på to kilometer. Det svarar til nesten 250 butikkar.

Nøstet

TOMME LOKALE: Denne butikken på Nøstet i Bergen har stengt dørene, kanskje for godt. – Det er på grunn av ein totalt feilslått byutvikling dei siste 30–40 åra, seier Steinar Kristoffersen i Bergen sentrum AS.

Foto: NRK
Jeanette Heggland

– BRA FOR BYDELEN: Senterleiar på Horisont, Jeanette Heggland meiner det er behov for enda eit kjøpesenter i Åsane.

Foto: Tim Christian Wassmo

Senterleiar på Horisont, Jeanette Heggland meiner det er behov for enda eit kjøpesenter i Åsane. At sentera no ligg tett, meiner ho er bra.

– Då få ein konsentrert handelen, og me blir sterke saman. Me får eit sterkt knutepunkt i bydelen, og det trur me er veldig positivt.

Nabosentera seier dei ikkje fryktar konkurranse, men trur tvert om det nye senteret vil føre endå fleire handlande til bydelen. Men i Bergen er stemninga ei anna. Nisjebutikkane som er att på Nøstet fortel om ei utvikling der dei er taparane.

– Det vert jo ikkje akkurat tilrettelagt for oss som driv her. Me må kjempe med nebb og klør for å tilpasse oss, seier Andreas Eid i Henrik Eide Musikk AS.

Dei har ingen planar om å flytte bedrifta til eit senter i Åsane.

– Hadde me flytta inn på eit kjøpesenter hadde husleiga der sannsynlegvis vore det som strupte oss.

LES OGSÅ: Ett av verdens dyreste Ikea-bygg har endret en hel bydel

– Sentrum må leve på eiga hand

Kritikken politikarane møter for ei feilslått byutvikling er å skyte over mål, meiner komitéleiar for miljø og byutvikling i Bergen kommune, Dag Skansen (H)

Dag Skansen bystyret
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Han er ikkje samd med Kristoffersen i at kommunen har forsømt sentrum i mange tiår.

– Ein oppnår ikkje noko ved å trekke ned bydelshandelen. Ein må satse på sentrum, men det gjer me også.

– Å redusere noko i bydelane der folk ønskjer å bu og handle, og bruke det som eit argument for å auke handelen i sentrum kan ein ikkje. Sentrum må leve på eigne premiss og eigen kjøl.

Bystyrerepresentant Tina Åsgård (SV) meiner det er udiskutabelt at dei mange kjøpesentera i bydelane kring Bergen går ut over handelen i sentrum.

– Det er jo heilt openbart at etableringa av kjøpesenter i bydelane har bidrege til at sentrumshandelen har gått ned og at me ser ein butikkdød i sentrum. Det er jo heller ikkje til gode for Åsane å ha så mange kjøpesenter som dei får no. Me har meir enn nok kjøpesenter der, og eg trur ikkje det er det innbyggjarane fyrst og fremst ønskjer seg.

  • Sjå heile debatten mellom Dag Skansen (H) og Tina Åsgård (SV) øvst i saka.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo