Hopp til innhold

– Dette kunne gått skikkeleg gale

Politiet har oppretta sak mot dei fire personane som sette utfor Vosso i gummibåt torsdag kveld. Minst éin av dei skal ha mangla flytevest og hjelm. – Folk må tenkje seg om, seier politiførstebetjent Henning Hegbom.

Raftingulykke

BILLIGBÅT: Gummibåtar frå Europris var farkostane fire personar utfordra elva Vosso med torsdag kveld. Redningsdykkarar, hundepatruljar og redningsheilkopter var med i søket etter ein ung mann som hamna i elva. Han vart funnen av lokalkjende raftinginstruktørar i ei fjellgrotte. Då hadde han vore sakna i over ein time.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Fire personar mellom 18 og 20 år sette utfor elva Vosso aust for Evanger torsdag kveld. Éin hamna i elva og vart teken av straumen.

Mannskap frå raftingselskapet Voss Active fann mannen i ei elvegrotte etter at han hadde vore sakna i over ein time.

– Skjer i uorganiserte grupper

Henning Hegbom seier at dei som havnar i raftingulukker i Vosso har ein ting til felles:

– Slike ulukker skjer i uorganiserte grupper. Folk som reiser ut på elveopplevingar utan å ha med seg kjentfolk eller skikkeleg sikkerheitsutstyr, seier Hegbom.

– Dette er ein kameratgjeng som er på spontantur med enkelt utstyr. Når det er stor vassføring, som no, er det store utfordringer på denne plassen. Utan innsatsen til raftingsenteret, kunne dette gått skikkeleg gale, seier politiførstebetjenten.

Raftingulykke

KANTRA: Det var i elva Vosso at dei fire personane sette utfor i kvar sin gummibåt frå Europris. Éin vart teken av elva og seinare funnen i ei elvegrotte. Resultatet var ein storstilt redningsaksjon. Ein slik båt vart nytta. – Billigbåt frå Europris, seier politiet.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Mangla flytevest

Minst éin av dei fire som sette utfor Vosso i billige gummibåtar skal ha mangla flytevest og hjelm.

– Heilt uforsvarleg, meiner dagleg leiar i Voss Active. Mannskap frå selskapet hans fann mannen i ei elvegrotte.

– Dei fire personane rafta i kvar sin billige gummibåt. Desse hadde dei kjøpt på Europris med føremål å rafta i Vosso. Utstyret stod ikkje heilt i stil med vassføringa i elva, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Vest politidistrikt.

Tre av dei fire personane skal vera mellom 18 og 20 år. Tre av dei er menn.

– Personen som forsvann var berre iført våtdrakt. Han hadde ikkje flytevest eller hjelm, seier Kronen.

Hegbom opplyser at det no er oppretta sak.

– Dei er ikkje avhøyrd enno, seier politiførstebetjenten.

Vart vaska inn i grotte

Den uheldige raftaren vart funnen i ei elvegrotte av mannskap frå Voss Active. Fem tilsette frå selskapet deltok i søket.

Frode Salbakk

– UFORSVARLEG: – Viss det er sant at dei ikkje hadde vest eller hjelm, er det heilt uforsvarleg, seier Frode Solbakk, dagleg leiar i Voss Active.

Foto: Voss Active

– Guten vart vaska inn i ei kraftig bakevje og inn i ei elvegrotte. Han klatra opp på ein stein og vart sittande inne i grotta. Ho er vanskeleg å koma til, seier dagleg leiar i Voss Active, Frode Solbakk

Mannskapet hans kjenner elva godt og tok seg tidleg bort til grotta.

Han trur ikkje mannen ville ha kome seg ut av grotta utan hjelp.

– Eg er usikker på om han kunne klart å svømma ut frå grotta. Det er ikkje godt å seia kva som kunne ha hendt om han vart sitjande i grotta lenge, seier Solbakk.

Raftingulukke Voss, Evanger

AKSJON: Redningsdykkarar, hundepatruljar og redningsheilkopter leitar etter mannen. Han vart funnen av lokalkjende raftinginstruktørar i ei fjellgrotte. Då hadde han vore sakna i over ein time.

Foto: Sigrid Nese / Avisa Hordaland

Redningsdykkarar frå brannvesenet, hundepatruljar og store politistyrkar deltok i leitinga då politiet fekk meldinga om raftingulukka. 20 og 25 personar deltok i leitinga, anslår Kronen, i tillegg til fire personar frå Voss Active.

Ulukka skjedde like ved Geitlesteigen, om lag to kilometer aust for Evanger sentrum, i retning Voss, opplyser Kronen.

– Heilt uforsvarleg

Solbakk meiner det er uforsvarleg å setja utfor ei elv som Vosso utan rett utstyr.

– Redningsvest og hjelm i tillegg til heildekkjande våtdrakt er obligatorisk i norske elver. Viss det er sant at dei ikkje hadde vest eller hjelm, er det heilt uforsvarleg, seier Solbakk.

Ifølgje leiaren i Voss Active er det lenge sidan det har vore ulukker i elvar på Voss.

– I kommersiell drift har det ikkje vore ulukker i området. Heilt i byrjinga på 90-talet var det ei fatal ulukke som minna om denne. Då omkom to personar i Rendalselva, seier Solbakk.