Hopp til innhold

– Det som skjer i taxien, blir i taxien

Arne (69) har køyrd taxi i 47 år. Eller som han sjølv seier; han har vore psykolog og løyst verdsproblem kvar dag. Då Taxi Bergen fylte 100 år, var ordføraren hans einaste passasjer.

Arne Mælen

LANGT TAXILIV: Arne Mælen feiret Bergen Taxi sin 100-årsdag. Selv har han kjørt taxi i 47 av disse årene.

Foto: Ole André Lagmanndokk / NRK

I 1915 valde 23 drosjeeigarar i Bergen å organisere seg, på grunn av rasjonering og krig. 100 år seinare er Bergen Taxi ei millionbedrift og eit av Noregs største drosjeselskap.

Det er heilt utruleg kva ein får vete av folk, på ein ti minutt lang tur.

Arne Mælen, sjåfør i 47 år

– Du får løyse verdsproblem, kvar einaste dag, seier Arne Mælen.

Han har køyrd for Bergen Taxi i 47 år.

– Det var pengane som lokka meg inn i det, for då tente ein jo veldig godt på å køyre taxi. Eller drosje, som det heitte den gongen.

Då Bergen Taxi feira 100 år, kom ordførar Trude Drevland på besøk. Slik ho gjer med alle som fyller 100 år i Bergen.

Den første taxi-turen i Bergen var for nøyaktig 100 år siden. Mye har endret seg siden den gang. Ordføreren besøker alle hundreåringer, også denne.

100 ÅR: Ordfører Trude Drevland har for vane å besøke folk som fyller 100 år.

Sjølvpålagd tausheitsplikt

Frå passasjersetet får taxisjåføren høyre mykje om liva til passasjerane.

– Ein må like å ha kontakt med folk, for ein treffe menneske i sorg og glede. Det er heilt utruleg kva ein kan få vite av folk på ein timinutters tur, seier Mælen.

Alle som no byrjar å tenke på kva dei kan ha fortalt ein taxisjåfør, kan ta det heilt med ro, meiner han.

– Me har tausheitsplikt. Folk kan vere trygge på at det som skjer i ein taxi, det blir i den bilen.

Bergens fyrste drosjesentral

100-års jubilanten heitte Bergens Automobilvognmandsforening under andre verdskrig. Krig og rasjonering gjorde det vanskeleg for drosjene å skaffe reservedelar og gummi til dekk.

Jan Valeur

Jan Valeur, administrerande direktør i Bergen Taxi.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

I stiftelsespapira heiter det: «Derfor måtte vi kome saman for å sjå kva der kunne gjerast for å betre våre kår».

– Den fyrste formannen, drosjesjåfør Sverre Hilland, reiste til Oslo for å snakke med politikarar på Stortinget for å skaffe bilgummi til drosjene i Bergen. Så var det i gang, fortel Jan Valeur, administrerande direktør i Bergen Taxi.

Eg blir 70 i år. Så lenge helsa held seg, kjem eg med rullator og den kvite stokken og ber om å få ta eit skift.

Arne Mælen

– Tek med rullatoren og ber om eit skift

Foreininga utvikla seg vidare, og i 1924 blei Bergens første drosjesentral etablert. Fram til 1996 var Bergen Taxi byens einaste drosjesentral.

Det er no 40 år sidan Arne Mælen fekk eige drosjeløyve. Han har ikkje tenkt å gje seg med der fyrste.

– I juli blir eg 70, eg kan køyre til eg blir 75. Så framt helsa held seg, kjem eg ned med rullator og den kvite stokken og ber om å få ta eit skift.

bilparken før

BILPARKEN: Det var en mer beskjeden bilpark i starten, da 23 drosjer gikk sammen.

Foto: Bergen Taxi