NRK Meny
Normal

Båt med fire personar tok inn vatn

Det vart sett i verk full redningsaksjon på Sotra utanfor Bergen like etter klokka 11.00 i føremiddag. Heldigvis enda det godt.

Redningsaksjon

FEKK HJELP: Redningselskapets båt fekk den havarerte båten trygt i hamn.

Foto: Jarle Stigum Frimanslund

Det var politiet i Hordaland som melde om redningsaksjonen på Twitter.

Dei første meldingane gjekk på at ein fritidsbåt hadde gått rundt utanfor Kårtveit på Sotra, men politiet retta det seinare til at båten tok inn vatn.

– Det var ei dramatisk melding frå AMK og vi rykka ut med alle naudetatar, seier operasjonsleiar Vibeke Næss i politiet til NRK.

Rykka ut med helikopter

Naudetatane rykka ut til staden, i tillegg til Sea King-helikopter frå Florø og luftambulanse frå Bergen. Det vart først meldt om fem personar i båten, men det rette talet skal vera fira.

– Dei første meldingane tyda på at personane var i vatnet, men det viste seg å ikkje stemma. Men på naudtelefonen bad dei om umiddelbar hjelp, seier redningsleiar Nils-Ole Sunde.

Svømte til holme

Klokka 11.35 hadde politiet ikkje kontroll på personane, men indikasjonar på at dei hadde komme seg i land på ein holme.

Ti minutt seinare kom bekreftelsen. Fire personar hadde kome seg trygt i land på ein holme.

– Dei er alle i god behald og vil bli frakta inn til Kårtveit med båt der dei vil bli tilsett av lege.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.