Hopp til innhold

– The Tall Ships Races har stor betydning for byen

Onsdag kjem 70 av verdas største seglskuter til Bergen i forbindelse med The Tall Ships Races. – Det har stor betydning for byen, seier prosjektleiar Håkon Vatle.

Statsraad Lehmkuhl

SER LOVANDE UT: At 70 av verdas største seglskuter kjem til Bergen gir mykje attende til Bergen. Her er Statsraad Lehmkuhl som vil ha ei sentral rolle under The Tall Ships Races.

Foto: NRK Rogaland

Håkon Vatle

GIR ATTENDE TIL BYEN: Håkon Vatle seier The Tall Ships Races gir mykje attende til Bergen.

Foto: privat

– Det kostar mykje, men så gir det jo ekstremt mykje attende til byen òg. Det er på utruleg mange nivå at eit slikt arrangement er bra seier Håkon Vatle som er prosjektleiar.

I tillegg til at 70 av verdas største seglskuter kjem til byen, blir det i løpet av helga over 100 konsertar med lokale artistar og band.

– No er me sjølvsagt spente på kva som skjer, men det ser lovande ut og vêrmeldingane er med oss. Dette ser ut til å bli tidenes fest, seier Vatle.

Gir pengar i kassa

Ole Warberg

SKAL GJERE KONSEKVENSANALYSE: Ole Warberg seier store arrangement har stor betydning for Bergen, og at etter arrangementet skal det gjerast ein konsekvensanalyse.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Det er fjerde gang at Bergen er vertskap for arrangementet. Førre gang, i 2008, var ein halv million menneske innom i løpet av fire dagar.

– Dette er noko som fell attende på næringslivet og kulturlivet her i byen når det kjem så mange tilreisande, seier Vatle.

Direktør Ole Warberg i Bergen reiselivslag legg heller ikkje skjul på at den gigantiske skutefesten har stor betydning for bedrifter og kulturaktørar i byen.

– Stor arrangement skapar ekstra merksemd slik at me kan seie heilt klart at slike arrangement skapar positivt omdømme som òg skapar reiselyst, seier Warberg.

Går det an å rekne om til kroner kva eit slikt arrangement betyr?

– Det er litt vanskeleg, men akkurat i år skal me faktisk gjere ein konsekvensanalyse og måle ein del av dei effektane som kjem av å eit slikt arrangement, så det blir spanande å sjå kva som ligg i kassen, seier Warberg.