Hopp til innhold

– Anar ikkje korleis det kunne skje

– Me har ingen aning om korleis noko slikt kunne skje, seier dagleg leiar i firmaet som eig krana som velta over to bilar.

Kranulykke i Valkendorfsgaten

CENTIMETER UNNA DØDSULYKKE: To biler vart treft då containerløftet gjekk frykteleg gale.

Foto: Gøril Teigen

Ulukka skjedde måndag føremiddag i Valkendorfsgaten, like ved tinghuset i Bergen.

To sjåførar sat fastklemde etter at krana med ein container velta oppå to bilar.

– Han er i sjokk

Ulukka skjedde truleg då containeren skulle løftast ned frå taket med kran.

– Sjåføren er i sjokk, og me må ta så godt vare på han som me kan, seier dagleg leiar i Svanco Svein Ivar Andersland.

Korleis kan ei slik ulukke skje?

– Det er sikkert mange teoriar om dette, men eg vil ikkje spekulere. Me er veldig

Kontainer Valkendorfsgate

LETTARE SKADD: Den eine av dei to sjåførane av personbilane som vart treft av krana, er lettare skadd. Den andre slapp frå ulukka utan skader.

Foto: Jon Bolstad / NRK

overraska over denne hendinga, og spente på kva svar politiet si etterforsking kan gje.

Krimteknikarane som har jobba på ulukkesstaden har no avslutta arbeidet, og Bergen sentrum politistasjon skal etterforske ulukka.

– Det er sjølvsagt ei svært uønskt hending, dette. Me har ikkje kome oss heilt nedpå enda. Akkurat no tenkjer me mest på dei involverte, og kryssar fingrane for at det går bra med alle. Så får politiet konkludere med årsaka, seier Andersland.

Lettare skadd

Den eine av dei to sjåførane av personbilane som vart treft av krana, er lettare skadd. Den andre slapp frå ulukka utan fysiske skader.

Vitne som var i området skildrar ulukka som dramatisk.

– Det ser ganske fælt ut. Krana har jo velta heilt oppe frå taket. Det kunne fort blitt i dødsulukke, seier Gøril Teigen som jobbar like i nærleiken.

Alvorlig kranulykke midt i Bergen sentrum.