Hopp til innhold

550 skular lagt ned sidan 2002

550 skular har vorte lagt ned i heile landet sidan 2002. Berre denne veka har over 500 elevar i Hordaland åleine stått i fare for å mista skulen sin.

Liljevatnet skule i Fjell er ein av skulane som er truga av nedlegging.

TRUGA: Liljevatnet skule i Fjell kommune er ein av skulane som er truga av nedlegging. Etter at kommunestyret i dag vedtok å utsetje avgjersla, må dei 184 elevane ved skulen vente til juni for å få svar på om dei mistar skulen sin.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Onsdag denne veka vedtok Osterøy kommune å leggja ned fire av åtte skular på øya nordaust for Bergen.

Det betyr at dei 167 elevane ved skulane på Hamre, Hjellvik, Hauge og Bruvik må byrja på nye skular, kanskje allereie til hausten.

Osterøy er ikkje åleine om å vedta nedlegging av skular i kommunen sin.

Tal frå Utdanningsdirektoratet syner at sidan 2002 har 550 skular vorte lagt ned i Norge. Det er eit snitt på 55 skular i året.

På dei ti åra har det komme til 181 nye skular, halvparten av desse er private.

– Fullstendig øydeleggjande

Denne veka skulle også Fjell kommune i Hordaland ta stilling til om dei skulle leggje ned seks av 16 skular i kommunen. Det ville isofall bety at kring 370 elevar mista skulen i nærmiljøet sitt.

Men dei vedtok torsdag å utsetje saka til juni.

Rådgjevar Torodd Fagerheim i landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) er opprørt over det som skjer både i Hordaland og elles i landet.

– Denne utviklinga som vi ser i Hordalandskommunane er fullstendig øydeleggjande for bygdene det gjeld. Barnefamiliar buset seg ikkje i lokalsamfunn der det ikkje er skule, meiner Fagerheim.

– Dette er å undergrave eksistensen for busetnad i Distrikts-Noreg, held han engasjert fram.

I rapporten om skulestruktur frå UDIR kjem det fram at 50 prosent av skulane som er vorte lagt ned hadde under 34 elevar det siste året.

(Saka held fram under biletet)

Torodd Fagerheim, LUFS

OPPRØRT: – Utviklinga er fullstendig øydeleggjande for bygdene, meiner Torodd Fagerheim i landslaget for nærmiljøskulane.

Foto: Tore Sevheim

Sterke reaksjonar

Hjå befolkninga på Osterøy og i Fjell er det sterke reaksjonar etter kommunestyremøta i kommunane.

På Osterøy fordi halvparten av skulane på øya vert lagt ned, på Fjell fordi det ikkje kjem noko avklaring.

– Vi synest det er trist. Det er ikkje godt nok utgreidd i forhold til kva konsekvensar det vil få, og kva innsparingar kommunen vil ha. Vi er ikkje heilt fornøgd akkurat no, seier leiar Veronica Orvedal-Kiil i Hamre Grendalag på Osterøy.

Fagerheim forstår dei godt.

– Borna mister retten til å ha ein skule i sitt eige nærmiljø, seier han og viser til Opplæringslova.

– Born treng å vekse opp i eit trygt og nært miljø, og vekse seg ut av det sakte men sikkert. Difor er barneskulen i nærmiljøet særs viktig, meiner Fagerheim.

Han er glad for at UDIR har lagt fram tal på endringane i skulestrukturen dei siste 10 åra.

– Endeleg har vi dokumentert at skulenedlegginga har akselerert dei siste åra.

– Fleste glad i etterkant

Professor i pedagogikk Thomas Nordahl ved Høgskulen i Hedmark seier det er lite forsking som syner konsekvensane ved at elevar flyttar frå ein mindre skule til ein større.

– Men vi har ein del erfaring. Og dei erfaringane syner at dei fleste skulesamanslåingar er vellukka, hevdar han.

– I etterkant er dei fleste glad for at det har skjedd, og dei fleste finn seg godt til rette på større skular, held han fram og legg til at han likevel forstår at folk er engstelege.

Han peikar på to ting på spørsmål om kva fordelar det er med å gå på ein stor skule.

– Det blir betre miljø mellom lærarar, ein får breiare kompetanse og ein får møte ein større variasjon av elevar. Det er også enklare for elevar å finne nære venner, utvalet blir større, ein har større sjanse for å finna seg til rette, meiner Nordahl.

(Saka held fram under biletet)

Thomas Nordahl

FLESTE VELLUKKA: Seier professor i pedagogikk ved Høgskulen i Hedmark, Thomas Nordahl.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Men han vil ikkje seie at større skular betyr betre kvalitet heilt utan vidare.

– Vi kan verken byggja eller slå oss saman til betre skular. Det handlar først og fremst om kvaliteten på lærarar og det arbeidet som går føre seg på skulen.

Sjå òg video om skulenedlegging i saka under:

Foreldra rasar etter at Fjell kommune igjen utsette nedleggingsvedtak i kommunen.

Sinte foreldre etter at kommunen utsette vedtak om skulenedlegging i Fjell