Mannen blei fredag også dømt til å betale jenta 95.000 kroner i oppreisingserstatning, skriv Bergens Tidende.
– Han valde seg ut eit forsvarslaust barn som var aleine på veg heim frå SFO. Han har handla med forsett, og han er skuldig, sa aktor i saka, statsadvokat Ellen Cathrine Greve, om den tiltalte.
Jenta var på veg heim frå skulen 19. august i fjor då mannen skal ha teke på henne på ein grov måte og kledd av seg. Blant politibevisa mot mannen er utpeiking i fotokonfrontasjon, vitneforklaringar og ein delvis DNA-profil.
18-åringen har nekta straffskuld heilt sidan han blei gripen. Forsvararen hans, advokat Monicka Ringstad, bad om frifinning for klienten.
– Eg vil ta ei vurdering om anke når eg har fått lese skikkeleg gjennom dommen saman med klienten min. Vi synest straffa er streng, og eg ser ikkje bort frå ein anke, seier ho til avisa.