NRK Meny
Normal

17 millionar i gåve til Troldhaugen

Private givarar har bidratt med 17 millionar kroner til oppussinga av Troldhaugen. Gåvene utløyser ytterlegare 800.000 kroner frå regjeringa.

Troldhaugen

OPNAR I MAI: Den nyoppussa konsertsalen på Troldhaugen opnar i mai. Private givarar har bidratt med til saman 17 millionar kroner.

Foto: denisbin/flickr creative commons

Fredag delte regjeringa ut nesten 800.000 kroner til oppussinga av konsertsalen på Troldhaugen. Pengane er sokalla gåveforsterkingmiddel som blir gitt fordi Troldhaugen allereie har fått store private gåver.

– Det betyr veldig mykje for oss. Det er ekstra ressursar til å realisere gode prosjekt i tida som kjem, og ei sterk oppmuntring til private givarar om å halde fram i dette sporet, seier direktør for komponisheimane i KODE Sigurd Sandmo.

– Det offentlege tilskotet kjem på toppen

Arbeidet med å oppgradere konsertsalen på Troldhaugen har halde på sidan 2011. Konsertsalen er no fullfinansiert og opnar etter planen i mai.

Troldhaugen

PUSSAST OPP: Private givarar har bidratt med 17 millionar kroner til oppussinga av konsertsalen på Troldhaugen

Foto: Howard Lifshitz/flick CC

Til saman har private givarar bidrege med 17 millionar kroner.

– Det har vore eit enormt prosjekt som vert realisert gjennom desse midlane. Det offentlege tilskotet kjem her på toppen, seier Sandmo.

– Kvar ville Troldhaugen ha vore utan private midlar?

– Alle dei institusjonane som inngår i kunstmuseuma i Bergen i Kode, har dei private donasjonane i botnen. Lysøen er ei stor privat gåve frå familien til Ole Bull, Siljustøl er ei enorm gåve frå Sæveruds familie, Troldhaugen er gitt av Griegfamilien i si tid, og Kodebygga langs Lille lungegårsvann er bygd opp på store private donasjonar, seier Sandmo.

– Ordninga gjer det meir interessant å gje

Gåveforsterkingsordninga gjer at statlege midlar vert utløyst når private givarar støttar kulturinstitusjonar. Det er ei ordning som kan gjere det meir interessant for private å gje pengar til institusjonar som KODE, seier byrådsleiar i Bergen, Martin Smith-Sivertsen.

Martin Smith-Sivertsen

Byrådsleiar i Bergen Martin Smith-Sivertsen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Gåveforsterkingsordninga er god fordi den for det fyrste sørger for meir pengar til kulturinstitusjonar som KODE, men også fordi den gjer at det vert enno meir interessant for private gjevarar å gje til kulturlivet.

– Kunne ein hatt eit godt tilbod på KODE utan private givarar?

– Historisk er KODE stort sett basert frå gåver frå private. Kommunen er ein viktig bidragsytar, men det at ein får så store gåver, som også vert forsterka frå staten, er me veldig takknemlege for, seier Sivertsen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.