Det er Bergensavisen som måndag fortel om ei 14 år gamal jente i Bergen vest som har teke imot over 130 meldingar med trakassering og trugslar via sosiale medium som Facebook.
Marerittet starta i juni, og utover sommaren har saka eskalert. Politiførstebetjent Svein Føllesdal ved Bergen vest politistasjon fortel til NRK måndag at fleire jenter er blitt blanda inn i saka.
No har han motteke 13 anmeldelsar frå tenåringsjenter i alderen 14–15 år.
– Fleire er blitt blanda inn i saka og spesielt den siste månaden har det verkeleg tatt av. Alle jentene som har levert anmeldelsar no er i den sosiale kretsen til den første fornærma jenta, seier Føllesdal.
Har gjort beslag
Politiet ser svært alvorleg på saka og den har no høg prioritert hjå politistasjonen i Bergen vest.
– Det er trugslar og grov sjikane. Og vi veit ikkje kven som kjem med trugslane.
Trugslane og sjikanemeldingane kjem frå falske profilar i ulike sosiale medium. Det er ingen sikta i saka, men politiet har gjort fleire beslag.
– Vi har vore i kontakt med fleire jenter der vi har tatt beslag av nettbrett og mobil. Vi må sjå om vi finn spor på dei som kan lede oss til ein eller fleire gjerningspersonar, seier Føllesdal.
Ber om innsyn frå Facebook
Meldingane til jentene skal koma både på Kik, Facebook, Instagram og Snapchat. Politiet har no sendt over dokumentasjon til Facebook og håpar dei derifrå får meir informasjon om kvar meldingane kjem frå.
– Vi har sendt førespurnad, men det er vanskeleg fordi USA har eit anna lovverk enn oss. Vi håpar likevel Facebook kan hjelpe til slik at vi får løyst saka.