Hopp til innhold

Bil overtent i Fjell

Ein Volkswagen Turan er overtent på Lokøyna, som ligg vest for Møvik i Fjell. – Bilen er nok meir eller mindre tapt. Det er andre bilar og eit hus i nærleiken, så me håpar brannen ikkje spreier seg, seier vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen. Vasstankbil, mannskapsbil og vakthavande brannsjef er på veg frå stasjonen på Ågotnes.