Hopp til innhold

Tak losna og trefte bilar

Politiet opplyser at eit tak har losna frå ein tomannsbustad i Skålvik i Fjell. Taket skal ha treft to parkerte bilar, men det er ikkje meld om personskade. – Det bur folk i huset, og no fryktar vi at vrakrestane kan blåse vidare og gjere større øydeleggingar, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund. Naudetatane er på veg til staden.

Laster Twitter-innhold