Hopp til innhold

Dømd til forvaring i ti år

Ein 33 år gamal tidlegare barnehagetilsett i Bergen er dømd til forvaring i ti år, for overgrep mot sju barnehagebarn i Bergen. Minstetid er sett til seks år og åtte månadar i dommen frå Bergen tingrett. 33-åringen må også betale erstatning på totalt 750 000 kroner til barna.