Hopp til innhold

Fann turgåarar

Mannskap frå Røde Kors fann i natt dei to personane som gjekk seg fast på veg frå Odda til Tyssedal fredag kveld. – Redningsmannskap oppheldt seg no på ei hytte saman med turgåarane, og vil bli der til det er forhold til å kome seg ned igjen. Turgåarane er slitne, men skal vere i grei form, seier operasjonsleiar i politiet Arve Samsonsen. Også på Kvamskogen hadde eit par gått seg vill, og like før klokka 01 kom dei ned saman med mannskap frå Røde Kors.