Hopp til innhold

Slo tilfeldige med paraply

Klokka 03.07 fekk politiet melding om ein mann som blødde frå hovudet på Torget i Bergen. Vitne seier at mannen i 20-åra hoppa ut frå ein pirattaxi og slo tilfeldige folk i hovudet med paraply. Det var nokre som ikkje fann seg i dette, og forsvara seg, og då datt mannen og slo seg. Han var aggressiv, og begynte å slå politiet med paraply også. Mannen blei tatt med til legevakt, og meldt inn for forulemping av offentleg tenestemann, opplyser Kjersti Eidsnes.