– Eg sat i denne stolen, men så reiste eg meg for å ta inn nokre puter på terrassen. Då eg gjekk over golvet eksploderte det bak meg, fortel Annie Seim medan ho viser NRK rundt i huset i Fana i Bergen.
84-åringen er framleis skaka etter episoden som skjedde rundt klokka 18 tysdag kveld.
Meiner putene kan ha redda livet
Berre sekund før ei kule gjekk gjennom veggar og inn i stova, sat Seim i skotlinja. Ho såg på tv då ho bestemte seg for å rydda inn putene i tilfelle det blei regn.
I det ho gjekk tilbake over stovegolvet small det bak henne, fortel ho.
– Kula hadde treft meg om eg framleis hadde sete i stolen, seier Seim medan ho viser NRK kulehola i husveggen.
Seim karakteriserer smellet som «ein eksplosjon». Etter å ha fått summa seg oppdaga ho eit hol i husveggen. Først då ho gjekk inn på kjøkkenet og oppdaga eit hol til, skjøna ho at det var snakk om ei kule.
– Eg var heilt skjelven og i sjokk då eg ringde son min. Det er eit under at det gjekk så bra.
Politiet trur kula blei fyrt av to kilometer unna
Politiet gjorde undersøkingar i bustaden i Harald Sæveruds veg i går kveld.
– Eg veit ikkje kva kraft dette prosjektilet har hatt etter at det trengde gjennom veggane og kva skade det eventuelt kunne ha gjort. Tilfellet er såpass alvorleg at me tek det på største alvor, seier stasjonssjef i Bergen Sør, Bård-Tore Norheim.
Politiet jobbar ut frå ein teori om at skotet har kome frå skytebanen på Stavollen på Stend. I luftlinje er avstanden vel to kilometer frå huset til Seim. Prosjektilet stammar frå ei rifle.
– Det er ein avstand eit prosjektil lett kan gå. Det er hovudteorien, seier Norheim.
Skytebanen fekk umiddelbart munnleg pålegg om å stansa all skyteaktiviteten på banen.
– Det blir fylgt opp med eit skriftleg pålegg i ettermiddag. Politiet vil gjera tilsyn i området før me vurderer korleis episoden blir fylgt opp vidare.
Ingen sikta i saka
Politiet har kalla inn krimteknikarar for å finna ut kva bane prosjektilet har hatt for å stadfesta teorien. Ingen er sikta i saka.
– Me veit at det var skyteaktiviteten på skytebanen. Utover det har eg ingen kommentar, seier Norheim.
Fana skytterlag hadde trening på banen tysdag kveld.
Leiar Atle Skogstrand i Fana skyttarlag seier til BA at han er informert av politiet om episoden.
– Så langt eg forstår er det ikkje stadfesta at skotet kjem frå skytebanen. Det er under etterforsking.