Hopp til innhold

Høgre og Frp kritiserer NTP

Åsane Høgre og Åsane Frp meiner Nasjonal transportplan må gjerast om, slik at E39 frå Vågsbotn til Klauvaneset og Nordhordlandsbrua blir prioritert. Dei er ikkje nøgde med at deira eiga regjering prioriterer Ringveg aust med oppstart Arna-Vågsbotn. – Dette er ikkje den strekninga med det største problemet, seier bystyrerepresentant for Åsane Høgre, Dag Skansen.

Dag Skansen
Foto: Christian Lura / NRK