Hopp til innhold

Kjedekollisjon i Damsgårdstunnelen

Tre bilar er involvert i ein kjedekollisjon i Damsgårdstunnelen retning aust. Politiet opplyser at det starta med ein påkøyrsel bakfrå. Det er ikkje meldt om personskadar. Bilbergar er på staden, og ein bil må tauast vekk. Det er kø frå Loddefjord inn mot Bergen.