Hopp til innhold

Leitar etter tjuvar på Voss

Politiet leitar akkurat no etter tre tjuvar som har rømt etter å ha blitt ferska medan dei stal varer på Kiwi på Skulestadmo på Voss. Dei tre skal køyre ein utanlandsregistrert Opel, og fått med seg mykje varer. Fleire patruljar ser etter dei, og politiet ber om tips i saka.