Hopp til innhold

Trafikkulukke i Fyllingsdalen

Ein bil har køyrt i ein lyktestolpe ved Lynghaug skule i Fyllingsdalen. Føraren er kome ut av bilen og er oppegåande, fortel politiet. Frontruta på bilen er knust. Det heng også straumledningar over vegen, og BKK er på veg for å fjerne desse.