Hopp til innhold

Krev tilbake pengar frå barnehagar

I ein kontroll i fjor avslørte Bergen kommune at 21 private barnehagar har fått meir pengar frå kommunen enn dei hadde krav på. Det skriv Bergens Tidende. Barnehagane har meldt inn fleire barn enn dei som faktisk gjekk der, og kommunen krev no til saman 5.6 millionar kroner tilbake.