Hopp til innhold

Rotorblåst utløyste rotvelt

Ein mann på bakken fekk alvorlege skadar då ei tre velta over han i forbindelse med arbeid på ein linjetrasé i Masfjorden i desember. Sannsynlegvis var det rotorblåsten frå eit helikopter som utløyste rotvelten. Statens Havarikommisjon for Transport meiner ulukka er meir å betrakta som ei arbeidsulukke på bakken enn ei luftfartsulukke. I rapporten skriv SHT at det ikkje er realistisk å venta at flygarane skal kunne identifisere tre som har dårleg rotfeste.