Hopp til innhold

Kvinne (20) til legevakt

Sjåføren av bilen som køyrde i fjellveggen i Fusa blir sendt til lokal legevakt for sjekk. Bilen har gått i fjellveggen i 80-sona ved Holdhus på riksveg 48 i Fusa, og har fått store materielle skader. Årsaka til ulukka er ikkje kjent.