Hopp til innhold

NYTT RAS I EKSINGEDALEN:

Onsdag formiddag gjekk eit nytt snøskred i Eksingedalen, mellom Nesheim og Brakestad på fylkesveg 344. – Skredet er 30 – 40 meter breitt og tre meter høgt. Me sender ut geolog for å sjå på det i dag, men det er usikkert når vegen kan opne att, seier Idar Sangolt i Statens vegvesen. Vegen er allereie stengt ved Nesheimfjellet og Brakestad på grunn av tidlegare snøskred.