Hopp til innhold

160 SKADEMELDINGAR I HORDALAND:

Gjensidige har så langt fått melding om over 300 skader etter ekstremvêret på Vestlandet førre veke. 160 av dei er frå Hordaland. Mange av skadane gjeld vassinntrenging i bustadhus og fritidsbustadar. Det er vanskeleg å fastslå kor store skadane er, men Finans Noreg har tidlegare gjort berekningar som syner at skadane kan komme på eit beløp mellom 100 og 150 millionar kroner, skriv Gjensidige i ei pressemelding.