Hopp til innhold

Journalene er for åpne

Det er for enkelt å lesa elektroniske pasientjournalar. Pasientombodet krev at Helse Bergen ryddar opp.

- Det må lagast klare sikkerhetsrutinar slik at kun dei som har bruk for desse opplysningane har tilgang til dei, krev pasientombod Grete Bruntland. Ho oppfordrar pasienter til å sjekke kven som har lest journalen.

Helse Bergen har gjort journalane tilgjeleg i store datanettverk mellom dei ulike helseeiningane sine. Problemet er at det er for enkelt å få tak i denne informasjonen meiner Bruntland.

- I dag kan pasienten kreve å sjå kven som har sett journalen. Da viser det seg at personell som ikkje har noko med pasienten å gjere som har hatt tilgang.

- Forsvinnande lite problem

- Vi har et opplegg for runtiner med å sjekke hvem som har vært inne å lest journaler, seier informasjonsdirektør i Helse Bergen Mona Høgli.

Ho har ingen oversikt over kor mange pasiantar som ber om innsyn i kven som har vore inne og lest i journalen, men meiner det er ein god pasientrett. Helse Bergen tar Datatilsynet sine åtvaringar på alvor, men Høgli meiner problemet er forsvinnande lite.

- Tidligere med papirjournalar kunne ein ikkje sjå kven som hadde lest journalen. I dag blir det loggført kven som har lest kva og vi tek stikkprøvar.

Men stikkprøvar er ikkje godt nok for pasientombodet i Hordaland. Grete Brundtland krev at Helse Bergen ryddar opp.