Hopp til innhold

- Jobbar intenst for Ålvik

Framtida til Ålvik avheng av EU og EØS-avtalen.

Protestmarsj i Ålvik
Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Det sa statssekretær Anita Utseth i Olje og energidepartementet då ho besøkte Bjølvefossen idag.

Ho møtte heile strategiutvalet ved den nedleggingstruga Elkem-fabrikken.

- Departementet jobbar no intenst for å kunna gi verksemda kraftvilkår som gjer at dei ikkje legg ned i Ålvik, sa Anita Utseth.

- Vi skal ha eit forslag på bordet innan utgangen av året. Då får Elkem vurdera det før dei flyttar ut industri.

Regjeringa ønskjer å finna løysninger som er robuste i forhald til EØS-avtalen, seier Utseth.

- Elkem Bjølvefossen har kompetanse, dei har dyktige folk og det er eit håp at vi skal klare å behalde denne type arbeidsplassar i Norge også i framtida.