Hopp til innhold

- Eit varmt og raust menneske

– Det han har gjort i idretten er sjølvsagt fantastisk, men mennesket bak var berre så stort og varmt, fortel ven og tidlegare trenar Stig Leganger-Hansen.

Alexander Dale Oen

Alexander Dale Oen og Stig Leganger-Hansen var eit radarpar i mange år.

Foto: Grundseth Dag W / Aftenposten

Stig Leganger-Hansen var ein nær ven av Alexander Dale Oen og trente han i Vestkantsvømmerne i ti år. I dag fekk han sjokk då han høyrde at kameraten gjennom mange år var gått bort.

– Det er heilt ufatteleg. Heilt meiningslaust og trist, fortel Leganger-Hansen til NRK.

Han kjem til å hugsa Dale Oen som ein varm og raus person.

– Alex har betydd mykje for meg, me har jobba tett. Eg er glad for at eg fekk kjenne han.

Brukte tid på dei som var rundt han

Leganger-Hansen skildrar Dale Oen som "utruleg dedikert, og oppteken av å gjera ting skikkeleg".

– Han var seriøs og hardtarbeidande, samstundes som han var god til å kopla av og å ha godt humør, seier ekstrenaren.

Likevel er det som person han vil hugsa Dale Oen best.

– Mennesket bak idrettsutøvaren var så stort og raust. Han fekk alle til å kjenna seg bra, fortel Leganger-Hansen.

– Eit stort idol

Dale Oen sumde for Vestkantsvømmerne i 15 år. Styreleiar Glenn Bjærum fortel at mange born hadde sett fram til å få møta han og få autografen hans i Bergen til helga.

– Han var eit stort førebilete for alle symjarane i Vestkantsvømmerne, seier Bjærum.