- Eg syns det er heilt sjokkerande. Selskapet bør rødme heilt ned i skorne over at det her skjer medan rettssaka pågår etter førre gong det skjedde, seier Heidi Sørensen.
- Bør få ei åtvaring
Sørensen sit i samferdslekomiteen på Stortinget for Sosialistisk Venstreparti, og meiner ferjereieriet HSD bør få ei åtvaring etter episoden i natt, der tre av mannskapet på ferja "MF Os" blåste raudt i promillekontroll.
- Eg syns at selskapet bør ta dette svært alvorleg. Dei bør få ei åtvaring, seier ho.
På spørsmål om reieriet bør få halde fram med ferjedrift viss dette skjer igjen, svarer ho:
- Dei bør i alle fall få ei åtvaring, kanskje bøter og så vidare. Men det er heilt klart at vi ikkje kan ha selskap langs norskekysten som ikkje klarer å hindre at mannskapet deira er påverka av alkohol.
Trugar selskapet sine kontraktar
Ho meiner det bør gå ut over selskapet sine konsesjonar og kontraktar viss noko liknande skjer igjen.
- Eg meiner at det bør myndigheitene vurdere. For vi kan ikkje ha sånne tilstandar langs kysten, seier Sørensen.
Sjølv ville ho ikkje ville følt seg særleg høg i hatten viss ho skulle ha køyrt inn på ei HSD-ferje i dag.
- Det er altså heilt fortvilt å ikkje vite om dei som køyrer ferja er påverka av alkohol eller ikkje, seier Sørensen.
- Sånn kan vi ikkje ha det på norskekysten. Det er så mange folk som er avhengige av desse ferjene, og dei skal vite at det er sikkert og trygt. Og er det ikkje viss kapteinen og styrmannen er påverka av alkohol.
Ho meiner det er ille at offiserane ombord var påverka av alkohol.
- Det er spesielt alvorleg. Det er dei som er dei øvste ansvarlege ansvaret for tryggleiken til sjøs. Og då er det sjølvsagt at det er kjempealvorleg.